Frå prat til handling

Velkommen til kommune 4.0

Deling av erfaringar, gode døme, rammeverk og inspirasjon for kommunar som ynskjer å skape si eige framtid.

Podcast

Lytt til podcasten Samfunnsoppdraget

Samtalar med kloke folk som har ulike perspektiv på korleis ein best kan bidra til kommunane sitt samfunnsoppdrag.

Episode 229. juni 202650 min

Øyvind Henriksen - Nordre Follo ventar ikkje, dei skapar si eiga framtid

Dei fleste i kommune-Norge veit allereie kva som kjem. Fleire eldre, færre hender og budsjett som ikkje strekk til. Problemforståinga er på plass nesten overalt. Det som manglar er handling. Nordre Follo er ein av kommunane som gjer ganske mykje. Og det dei gjer, er ikkje å skrive endå ein strategi, men å prøve – i vanleg drift, i liten skala, saman med dei som vil – og så dele det dei lærer med kvarandre. Lærdomen er enklare enn ein skulle tru: begynn med noko konkret, og lær av dei som har gått føre. Les meir her: Nordre Follo planlegg seg ikkje ut av framtida. Dei prøver seg fram — KommunalSektor

Episode 217. juni 202646 min

Bjarte Bogsnes - Når budsjettet slepp taket (om Beyond Budgeting og kommunal sektor)

Kva skjer når budsjettet slepp taket? Alle i kommunen veit at tala er feil. Likevel brukar leiinga veker kvart år på å forsvare dei. Bjarte Bogsnes er den internasjonale frontfiguren for Beyond Budgeting og forfattar av This Is Beyond Budgeting og Implementing Beyond Budgeting. Han var nøkkelpersonen bak den nye styringsmodellen i Statoil og kjenner til minste detalj kva som faktisk skjer når ein organisasjon tør å gjere det annleis. Han er den første gjesten i Samfunnsoppdraget. I denne episoden snakkar Helle og Joakim med Bjarte om kvifor det tradisjonelle budsjettet skapar problem for kommunane, kva Beyond Budgeting eigentleg er, og kvar ein startar. Dei kjem særleg inn på det offentlege dilemmaet: Kva er mogleg i ein organisasjon med politisk styring, lovkrav og øyremerka midlar? Les meir og finn vegen til meir inspirasjon her: Kan kommune-Noreg kaste budsjetta? — KommunalSektor

Episode 116. juni 20264 min

Velkommen til Samfunnsoppdraget!

Velkommen til Samfunnsoppdraget, ein podcast for deling, læring og inspirasjon som ein del av KommunalSektor.no. Her møter du gjestar som delar sin kunnskap, sine perspektiv og sine synspunkt på kva som kan vere nyttig lærdom for kommunane i ei tid som krev meir nytenking, læring og deling enn nokon gang før. I denne episoden ynskjer me velkommen til podcasten, og håpar du vil følgje den framover.

Korleis komme i gang?

Finn inspirasjon i dei seks grunnleggande stega for å komme i gang med endrings som skapar tillit og fart.

1

No-situasjonsforståing og forventningsavklaring

Aktivitetar

  • Eit blikk på verda slik den ser ut for den aktuelle gruppa i dag: Kva må takast vare på, og kva problem hadde det verkeleg vore verdifullt å løyst?
  • Ein introduksjon og gjennomgang av rammene og metoden - korleis skal ein jobbe i praksis
  • Beskriving av stega og måten å jobbe på, og kva ein kan rekne med å oppleve både av positiv og meir utfordrande karakter
  • Forventningsavstemming: Mål og resultat, definere kva ser suksess ut som for gruppa
  • Skreddarsy vidare opplegg og avgrense mandatet til noko som kan fiksast raskt

Fast i alle treffpunkt

  • Definere kva som skal gjennomførast til neste gang, heilt konkret
  • Digital oppfølging mellom dei fysiske møta
  • Alle økter startar med å oppsummere og hente ut læring frå det som har skjedd sidan sist
  • Spørre om læringa bør få konsekvensar for vidare skalering

Di raskare ein kjem i gang, di raskare vil ein oppnå

  • Betre kostnadseffektivitet / meir kommune for pengane
  • Betre trivsel på jobb / meir attraktiv som arbeidsgjevar
  • Betre leveranse til innbyggjarane / på samfunnsoppdraget
  • Alt er skreddarsaum, ingen førehandsdefinerte langsiktige planar

Ta kontakt

Er du nysgjerrig på korleis dette kan sjå ut i din kommune? Eller har du erfaringar du vil dele? Me høyrer gjerne frå deg.

post@kommunalsektor.no

Selseng & Systaddal AS

Helle Selseng · Joakim Systaddal

Sogndal, Noreg