Velkommen til kommune 4.0

Erfaringar, rammeverk og inspirasjon for kommunar som vil gjere noko anna. Frå praksis, ikkje skrivebordsøvingar.

Kvifor kommune 4.0?

Kommunane treng nye løysingar for framtida. Aukande press på kommuneøkonomien, store statlege forventningar og krav og ei eldrebølge som utfordrar arbeidskapasiteten til heile den norske velferdsstaten. Legg til aukande utanforskap, klimaendringar og ekstremvêr og ei teknologiomveltning som endrar nesten alt.

Du har truleg høyrt det før. Til no har det gått nokonlunde greitt å halde fram om lag som før. Mange har nytta dei siste åra på å stramme opp og gjere nødvendige første grep. Men vil det vere nok?

Denne sida har oppstått fordi svaret på det spørsmålet for nokre har vore eit tydeleg nei. Med konsekvens at det har vore nødvendig å finne eit truverdig og optimistisk alternativ.

Den viktigaste grunnen til å etablere denne sida for å dele er denne: Det går an å gjere noko anna. Og endå betre, det ser ikkje ut til å krevje noko særskilt frå omgjevnadane. Hypotesen er at alle kommunar, uansett storleik, økonomi og plassering, kan starte med utgangspunkt i der ein er. Akkurat no.

Erfaringane på denne sida kjem frå arbeid med ekte problem. Små og store, enkle og komplekse. Oppsummeringa så langt er at det er mogeleg å oppnå noko anna. Men den er også at det ikkje er enkelt. Mest av alt fordi det vil utfordre mange på noko av det vanskelegaste som finst: Eigne tankesett, vanar og haldningar.

Vår viktigaste læring er samtidig den mest banale: Det er berre å starte.

Kva går det ut på?

Kommunane treng eit nytt operativsystem, fordi det gamle ikkje er i stand til å løyse dagens behov – og langt mindre det som kjem i framtida. Rommet for å gjere noko nytt finst, men når det skal skalerast eller bryte med siloane vert det vanskelegare. Denne læringa peikte i retning av noko større, noko som låg bakom og skapte hindringar.

Dei gamle systema

Dei nye systema

Byråkratiet

Reglar og rutinar som frigjer folk frå å måtte tenke sjølv

Dei nye systema

Designtenking

Myndiggjorde kollektiv finn gode løysingar med utgangspunkt i verkelegheita

Hierarkiet

Kommando og kontroll der dei høgst oppe fortel resten kva dei skal gjere

Sjølvstyrande team

Nettverk med ansvar og mynde til å løyse oppgåver og dele det dei lærer

Budsjettet

Planlegg framtida i detalj og fordel ressursane på førehand

Beyond Budgeting

Mål som set retning, prognosar som fortel korleis det går, og fleksibel ressursfordeling

Ikkje ein komplett reinstallasjon – ta det nye i bruk der gevinstane er mest openbare, og behald det gamle der det gir meining.

Ny styringslogikk

Tydelege prinsipp for styring og leiing som skapar rom for utvikling og trivsel

Ny organisering

Myndiggjorte team tek eigarskap til å løyse oppgåvene gitt den faktiske konteksten

Nye arbeidsprosessar

Designtenking skapar rammer for å først forstå problema, så finne løysingar kollektivt

Korleis komme i gang?

Eit standardløp som kan tilpassast. Inspirert av Anne Morriss og Frances Frei i «Move fast & fix things».

1

No-situasjonsforståing og forventningsavklaring

Aktivitetar

  • Eit blikk på verda slik den ser ut for den aktuelle gruppa i dag: Kva må takast vare på, og kva problem hadde det verkeleg vore verdifullt å løyst?
  • Ein introduksjon og gjennomgang av rammene og metoden - korleis skal ein jobbe i praksis
  • Beskriving av stega og måten å jobbe på, og kva ein kan rekne med å oppleve både av positiv og meir utfordrande karakter
  • Forventningsavstemming: Mål og resultat, definere kva ser suksess ut som for gruppa
  • Skreddarsy vidare opplegg og avgrense mandatet til noko som kan fiksast raskt

Fast i alle treffpunkt

  • Definere kva som skal gjennomførast til neste gang, heilt konkret
  • Digital oppfølging mellom dei fysiske møta
  • Alle økter startar med å oppsummere og hente ut læring frå det som har skjedd sidan sist
  • Spørre om læringa bør få konsekvensar for vidare skalering

Di raskare ein kjem i gang, di raskare vil ein oppnå

  • Betre kostnadseffektivitet / meir kommune for pengane
  • Betre trivsel på jobb / meir attraktiv som arbeidsgjevar
  • Betre leveranse til innbyggjarane / på samfunnsoppdraget
  • Alt er skreddarsaum, ingen førehandsdefinerte langsiktige planar

Døme og beskrivingar

Artiklar, erfaringar og refleksjonar frå arbeidet med å gjere noko anna i kommunane.

Sjå alle artiklar

Ta kontakt

Er du nysgjerrig på korleis dette kan sjå ut i din kommune? Eller har du erfaringar du vil dele? Me høyrer gjerne frå deg.

post@kommunalsektor.no

Selseng & Systaddal AS

Helle Selseng · Joakim Systaddal

Sogndal, Noreg